Samarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet

Published:

Begge partar ser fram til å utvikle undervisning, ekskursjonar og forsking saman for å auke kunnskapen om verdsrommet både i skulen og i lærarutdanningane.

Kva er nordlys og kvar kjem det frå? Korleis er det å vere vektlaus? Finst det romvesen?

Lista over barn sine spørsmål om verdsrommet er uendeleg. Og bortsett frå dinosaurar, er det knapt noko tema som engasjerer elevar meir enn planetar og meteorittstormar.

Skaparglede og utforskartrang

På Andøya, staden der forskingsrakettar har blitt skutt opp sidan 1962, er barn og unge si interesse for verdsrommet, ivaretatt gjennom kurs, aktivitetar og ulike campar. Her blir Noreg sitt einaste operative romsenter nytta for å gi barn og unge rom til å lære, skape og utforske.

Idar Mestad underviser naturfag for grunnskulelærarstudentane ved Høgskulen på Vestlandet, og ein av pådrivarane for samarbeidet med Andøya Space Education. Han ser fram til å bruke kunnskapen om alt frå klimaovervaking og romsøppel til rakettoppskyting og dronar i undervisninga si.

– Deira fagkunnskap, fasilitetar, nettverk, kursing og undervisningsnettverk er til stor nytte for oss. Så langt har fire studentar ved grunnskulelærarutdanninga valt rommet som tema, og no har vi moglegheiter til å utvide dette, seier han.

Tverrfagleg arbeid med verdsrommet

Elise Rigstad går femte og siste året på grunnskulelærarutdanninga 1-7 og er ein av studentane som har valt verdsrommet som tema i si masteroppgåve.

– Eg er veldig fascinert av verdsrommet, og skal undersøke korleis ein bruke verdsrommet som utgangspunktet for tverrfagleg undervisning. Å få lov til å vere med på lærarcampen på Andøya i sommar, der vi jobba tverrfagleg saman med lærarar frå heile landet, var veldig inspirerande, seier ho.

Nasjonale og internasjonale nettverk

Arne Hjalmar Hansen, dagleg leiar ved Andøya Space Education, besøkte Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen, under signeringa av samarbeidsavtalen sist veke.

– Høgskulen på Vestlandet er ein viktig bidragsytar til å fylle skulen med kompetente lærarar. Vi ser fram å kunne bidra med spannande aktivitetar som gir elevar og lærarar kunnskap om verdsrommet, og interesse for ein norsk rombransje i sterk vekst, uttalte han.

Asle Holthe, dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved HVL, er glad for å ha fått på plass denne avtalen.

– Som Noregs største lærarutdanningsinstitusjon er det viktig for oss å bygge samarbeid regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vårt samarbeid med Andøya Space Education gir også Andøy tilgang til vårt praksisfelt. Det bidreg til relevans og praksisretting som er heilt nødvendig for å gi ei god profesjonsutdanning, seier Holthe.

Faktaboks

Andøya Space Education, tidlegare NAROM, blei etablert i 2000 og er eit ikkje-kommersielt selskap som skal bidra til å sikre rekrutteringa til norsk romverksemd og å skape auka interesse for real- og teknologifaga.

Andøya Space Education har samarbeidsavtalar med ei rekke institusjonar og organisasjonar, og er på den måten både eit skulelaboratorium og feltstasjon i romrelaterte fag for disse institusjonane.

Høgskulen på Vestlandet er landets største lærarutdanningsinstitusjon med barnehagelærarutdanning, grunnskulelæreutdanningar, praktisk-pedagogisk utdanning (yrkesfag og allmennfag) og faglærarutdanningar.

HVL tek årleg opp 550 studentar på grunnskulelærarutdanningane der naturfag kan inngå som 30 studiepoeng, 60 studiepoeng og som masterfag.

3. desember 2021 inngjekk Høgskulen på Vestlandet ein samarbeidsavtale med Andøya Space Education. Avtalen inneber samarbeid om undervisning, ekskursjon/besøk, forsking og utvikling nasjonalt og internasjonalt.

Ved HVL er det assisterande instituttleiar Merete Økland Sortland, førsteamanuensis Idar Mestad og førsteamanuensis Ingjald Pilskog som har vore primus motor for å få avtalen på plass.

Foto og tekst: Mari-Louise Uldbæk Stephan / Høgskulen på Vestlandet

Mer informasjon

Ta kontakt med Andøya Space Education